Jæren 2014 geocoin

     

I samband med Jæren 2014 eventet vart det gitt ut ein eigen geocoin. Coinen er laga i to versjonar; ein i antikk kobber og ein i sateng gull.

Jæren 2014 antikk kobber geocoin er produsert i 75 eksemplar og blir solgt for kr.100,- pr.stk.

Jæren 2014 sateng gull geocoin er produsert i 25 eksemplar.

Det er ein liten rest igjen av Jæren 2014 antikk kobber geocoin og dei kan kjøpast på Meet the Lackey and Reviewers 2014 - Mega Event i Oslo 3. mai.
Salget blir etter "første mann til mølla" prinsippet på eventet (og det blir ikkje tatt imot forhåndsbestillinger)

Motivet på forsida av Jæren 2014 geocoin er to hjortedyr - ein vaksen, og ein kalv som står beskytta under den store.
Dette motivet er henta frå ei draktspenne som vart funne i gravfeltet ved Kvassheim fyr.
Eigaren av spenna var ei kvinne som døde rundt år 400 e.Kr, og ho hadde spenna på seg då ho blei gravlagt.
Det finst nokre få spenner i Norge og Danmark som viser hjortedyr i ulike former.
Spenna frå Kvassheim er unik, og er den einaste kjente som har eit lite dyr under buken på det store.
Hjorten på spenna frå Kvassheim bærer i tillegg nymånen på hovudet, og har truleg vore eit symbol for gjenføding og livssyklusen.

Mønsteret på baksida av coinen er inspirert av eit irsk eller angelsaksisk vektlodd frå 700-talet som vart funne i ei myr på Torland i Hå.